Gryta Camping - campingportalen.no

  • © Gryta Camping
  • © Gryta Camping

Antall stjerner hytter/leiligheter: 
Klassifisert til 3 stjerner av NHO Reiseliv
Antall stjerner campingplass: 
Klassifisert til 3 stjerner av NHO Reiseliv
Norsk bobil og Caravan Club
NAF-camping
Norway East West

Campingplassfakta

Hytter: 
5
Dropin for bobil, vogn eller telt: 
100

Sanitæranlegg

Antall WC: 
9
Antall servanter med varmt vann: 
14
Antall dusjer: 
6
Antall familierom: 
1
Antall badrom tilpasset funksjonshemmede: 
1

Åpningstider

Åpen: 
Sommeråpent
Periode: 
01.04-01.10
Høysesong: 
01.04-01.10
Fullserviceperiode: 
01.04-01.10
  • Drop-in bobil/campingvogn: Kun sommer
  • Teltplass tilgjengelig: Kun sommer
  • Utleie hytte: Kun sommer

Kart

Kart-koordinater: 61.741719, 6.789881

Kontakt

Telefon: 
+47 57 87 59 50
Alternativt nummer: 
+47 91 60 36 07
Adresse: 
Oldedalsvegen 1245
Sted: 
6788 Olden
E-post: 

Bildegalleri

© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
© Gryta Camping
Hytter © Gryta Camping
Hytter © Gryta Camping
Hytter © Gryta Camping
Hytter © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 4 og 5 © Gryta Camping
Hytte 1, 2 og 3 © Gryta Camping
Hytte 1, 2 og 3 © Gryta Camping
Hytte 1, 2 og 3 © Gryta Camping
Hytte 1, 2 og 3 © Gryta Camping
Hytte 1, 2 og 3 © Gryta Camping

Del denne siden:

Gryta Camping

Gryta Camping ligg flott til ved Oldevatnet i Oldedalen. Frå teltluka ser du rett på isbrear, tusenmeter høge fjell og frodig vestlandsnatur. Gryta er ein god stad å feriere på – her kan du slappe av og berre nyte å ha fri, langt unna hektiske kvardagar.

Ønsker du ein aktiv ferie og er glad i natur og friluftsliv kan du feriere hos oss lenge uten å kjede deg. Campingen er eit godt utgangspunkt for aktivitetar knytta direkte til campinplassen og i nærområdet. Det er fint å rusle langsmed vatnet og plukke markjordbær, ta ein tur på vatnet med ein av båtane våre og sjå om du får fisk, – eller du kan bestige ein eller fleire av dei mange fjelltoppane vi er omkransa av. Turkart og gode tips får du i resepsjonen.

Camping Norway East – West


Gryta Camping er en av campingplassene som er tilknyttet Camping Norway East – West. Dette utgjør en rundreise som kan gi deg noe av det beste som sør-Norge kan by på av naturopplevelser og aktivitetstilbud. Campingplassene ligger i passende dagsetapper, med tid nok til gode stopp for opplevelser underveis. Her finner du en oversikt over alle plassene som inngår i denne campingkjeden.

Camping

Campingplassen er planert i ulike platå, så ein står på stø grunn når ein campar her – og kan nyte den herlege utsikta 360 grader.

Med ein topp- kapasitet på 80 einingar, er det ein romsleg campingplass – og du som gjest får sjølv velge deg akkurat den plassen du vil ha. Sidan campingen er sopass stor høver den ekstra godt dersom ein er fleire som reiser i flokk – det går fint å ordne seg sin eigen leir saman med dei ein reiser med.

Her er 80 punkt for straum, og vi har også skøyteledningar til låns dersom det skulle trengast.
Her er også gode fasiliteter for tøming av bubiltoalett.

Gryta Camping nyt godt av mange gjester som kjem attende år etter år, men vi har ingen fastbuande gjester.

Hytter

Vi har fem fine raudmåla hytter med torvtak til utleige. Desse er bygde i nyare tid, og har soleis god standard. All hyttene har uteplass, og samtlege høver godt både for korte og lengre opphald. Alle hyttene har dyner og puter, og dynetrekk kan du leige. Du kan også velge om du vil vaske hytta sjølv, eller om vi skal gjere jobben for deg.

Som hyttegjest har du også høve til å bestille frukost. Denne blir servert i kafèen kvar morgon frå kl 08.00 til siste gjesten har ete ferdig. Det er ferie – so vi har god tid.

Hytte 1, 2, og 3: Stove, fullt utstyrt kjøkenkrok med spisebord, soverom med 3 enkeltsengar og 1 dobbelseng.

Hytte 4 og 5: Stove, fullt utstyrt kjøkenkrok med spisebord, soverom med 2 dobbelsenger og 2 enkelsenger, dusj og WC.

Aktivitetar

Vi har fleire robåtar, kajakker og trøbåt som er til gratis utlån for alle våre gjester. Det er fint med ein liten tur ut på vatnet – både om du vil freiste fiskelukka eller berre ta ein roleg sightseeing. Redningsvestar er ved lov påbode å bruke for både vaksne og ungar. Desse er også til gratis utlån ved henvendelse i resepsjonen.

Hugs at Oldevatnet er eit brevatn og er veldig kaldt sjølv midt på sommaren. Vi tilrår difor ikkje å bade i frå båt, spesielt ikkje einsam. Ein kjapp dukkert inne ved fjæresteinane kan derimot være veldig forfriskande på ein varm sommarsdag.

Briksdalsbreen

Dei fleste som besøker oss kjem for å sjå den vakre Briksdalen og Briksdalsbreen slik turister har gjort i snart 200 år her i Oldedalen.

Briksdal ligg 10 km frå Gryta Camping i enden av dalen. Her finn du Cafè og Restaurang, souvenirbutikk og trollbiler som kan frakte deg nesten heile vegen opp til Breen. Dei siste 500 meterane må du gå.

På vegen opp til breen vandrer du gjennom ein mektig natur, omkransa av høge fjell og fossefall.

Geiter

Vi som driv Gryta Camping er opprinneleg geitebønder, so difor har geitene fått sin naturlege plass på campingen også. Her er to svært sosiale geitebukkar som har sitt eige område – og nokon hevdar at dei til og med pratar både engelsk, tysk, kinesisk og elles all verdas språk.

Leikeplass

Leikeplassen ligg rett ved resepsjonen, og har blant anna vippe, huskestativ, sandkasse, trampoline – og eigen liten traktor! Her får ungane boltre seg fritt.

Kiosk

Resepsjonen fungerer også som kiosk med opphaldsrom, som er open frå 08.00 om morgonen til 22.00 om kvelden i høgsesongen.

Skulle det komme ein regnveirsdag eller to, så kan det vere ekstra godt å trekke inn for å få varmen i seg og tørke seg litt – eller når sola varmar som verst, då kan det vere godt å trekke inn i skuggen. Her er også trådlaust nettverk for den som treng det. Det er mange som sender «reisebrev» heimatt, både via e- post og anna post, skrivne ved eit bord her.

I kiosken er det enkelt utvalg av godteri, mineralvann, brus og is, og selvølgelig kaffemaskin med ulike fristelser varmt i koppen. Vi har også nokre basisvarer som melk, egg og enkelt pålegg, og du kan bestille ferske brød og rundstykker som kan hentast neste morgen.

I opphaldsrommet er der også ein TV for dei som vil få med seg siste nytt – noko som er svært så populært under fotball- VM, OL, Tour de France og liknande.

Vi bryr oss om gjestene våre og set sikkerheita høgt. Vi har difor ein Hjertestartar tilgjengeleg i resepsjonen.

Velkomne til gode feriedagar her hjå oss!

Nøkkelopplysninger

  • Hytte for leie
  • Oppstillingsplass bobil
  • Oppstillingsplass campingvogn
  • Teltplasser
  • Strøm tilgjengelig for campingvogn/bobil/telt
  • Reservasjon av hytte/leilighet er mulig
  • Reservasjon av oppstillingsplass for bobil/campingvogn er mulig
  • Reservasjon av teltplass er mulig
  • Gratis WIFI
  • Kiosk
  • Oppholdsrom med TV
  • Vaskemaskin mot betaling
  • Tørketrommel mot betaling
  • Oppvaskkum med varmt vann
  • Kokemuligheter
  • Stekeovn
  • Mikrobølgeovn
  • Utslagskum for tømming bærbart toalettsystem
  • Tømming bobil
  • Hunder (dyr) er velkommen
  • Campingplassen tilrettelagt for funksjonshemmede
  • Lekeplass
  • Trampoline
  • Badeplass
  • Utleie av båter
  • Utleie av kanoer
  • Egnet for fisking
  • Egnet for padling
  • Turløyper
  • Sykkelmuligheter
  • Utleie sykkel
  • Vi snakker norsk
  • Vi snakker svensk
  • Vi snakker dansk
  • Vi snakker tysk
  • Vi snakker engelsk
  • Vi snakker polsk
  • Vi aksepterer Bank Axept
  • Vi aksepterer Visa
  • Vi aksepterer Mastercard
  • Vi aksepterer Diners Club
  • Vi aksepterer American Express

Video

Gi din stemme til denne campingplassen i kåringen "Folkets favoritt-campingplass"

Klikk på symbolet for å gi campingplassen din stemme i kåringen "Folkets favoritt-campingplass". Stemmene telles opp 1.mai 2021.
  • Legg ferien til Norge!
    Campingplassene finner du her:
  • Legg ferien til Norge!
    Campingplassene finner du her: