Lammetun Ferie og Fritid

  • © Lammetun Ferie og Fritid
    © Lammetun Ferie og Fritid
  • © Lammetun Ferie og Fritid
    © Lammetun Ferie og Fritid

Campingplassfakta

Leiligheter: 
2
Rom: 
1
Sesongplasser: 
13

Sanitæranlegg

Dropin for bobil, vogn eller telt: 
6

Åpningstider

Åpen: 
Helårsåpent
Høysesong: 
Juni-August
Fullserviceperiode: 
Mars-Oktober
  • Drop-in bobil/campingvogn: Hele året
  • Utleie hytte: Hele året
  • Utleie leiligheter/rom hele året
  • Sesongplass: Hele året

Kart

Kart-koordinater: 61.272277, 4.948037

Kontakt

Telefon: 
+47 47 28 36 34
Alternativt nummer: 
+47 90 65 24 90
Adresse: 
Lammetun
Sted: 
6964 Korssund

Bildegalleri

© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
© Lammetun Ferie og Fritid
Del denne siden:

Velkommen til Lammetun ferie og fritid

Lammetun ferie og fritid ligg heilt vest i Fjaler kommune på ei landfast øy som heiter Lammetun. Utsikt frå campingplass og utleigeeiningar er rett i Vilnesfjorden. Om sommaren går sola ned i havet så vi kan skilte med at vi har midnattsol. Den eine utleigeeininga vår ”Naustet” ligg 0 meter frå havet, medan den andre som heiter ”Låven” ligg ca.100 meter frå sjøen, men har to altanar med utsikt direkte til fjellet Alden og solnedgong her óg.

Vi driv campingplass der vi har 20 faste plassar, i tillegg har vi fem ledige plassar om du ynskjer å ta bubilen eller campingvogna med deg og ta turen ut til kysten ei helg.

Våre einingar ligg i område til Lammetun kystfort. Her har vi eit velholdt festningsanlegg frå 2.verdskrig. I same område har vi plassert ut benkar og laga bålgruver slik at ein kan slappe av og kose seg i ein vakker natur. Elles ligg vi nær fjell som har merka stier, døme ”Einingsfjellet”, ”Bygdaheia” og ”Alden”. Sistnemnde må ein i båt for å bestige, evt. kan ein ta ferja som går frå Fure til Værlandet, og leige seg båt over til øya ”Alden”. I tillegg til dette er her mykje bær og sopp for dei som likar å plukke det.

«Fjære»

«Fjære» er ei lita utleigeeining som er 2 år gamal. Det er ein del av låven vår som no har blitt eit lite og søtt krypinn for dykk som ynskjer overnatting med tilgang til wc/bad, og kokemoglegheiter. Rommet er ca. 15 m2 og har enkel innreiing. Du finn eit lite kjøkken, kjøleskap, kaffitrakter, 120×200 cm seng og tv/parabol.

«Floa»

Våren 2014 var vi klar med den nye utleigeeininga vår «Floa». Det er ei leiligheit som er innreia i låven vår og er utstyrt for fire personar. Ta kontakt med oss om du ynskjer å leige den. Denne er også vinterisolert.

«Naustet»

Heilt i sjøkanten har vi ei utleigeeining på 45 m2 som vi kallar «Naustet». Den leiger vi ut gjennom bookingselskapet Novasol. Det er mogleg å kontakte oss direkte om de ynskjer å leige gjennom oss, men då må ein vere tidleg ute. Haust og vinter har vi noko meir kapasitet.

Alden

Lyst å gå på fjellet «Alden»? Vi arrangerer tur til Alden på bestilling. Er de ei gruppe på 7-8 personar som ynskjer dykk ein tur ut i havet på dette flotte fjellet kan de kontakte oss på tlf. 472 83 634 for pristilbod og bestilling.

Det går skyssbåt frå Lammetun ut til «Alden». Turen tek ca.15 min. Vidare går de på det 481 meter høge fjellet og nyt utsikta før de går ned att og vert skyssa attende til Lammetun.

Vi kan også tilby overnatting i ei av våre utleigeeiningar dersom det er interessant å ta helga her ute i havet.

Paintball

Treff kompisane dine eller arbeidskollegaene på ein ny måte. Prøv paintball hjå oss. Vi har 18 markørar og utstyr klart om de vil ta turen. Vi er også flyttbare, så om du har eit området det går an å spele paintball på, kan vi komme til deg. Ta kontakt for meir informasjon, bestilling av tid og pristilbod.

Blomar

Gjennom åra har vi tidvis hatt besøk av botanikarar som har gått i festningsanlegget og sett på blomane som veks her. Nokre hevdar at vi har blomar som ikkje er «vanlege» for plassen her,  vi veit ikkje. Legg inn bilete av nokre av blomane som er i område slik at de kan sjå.

Velkommen til Lammetun ferie og fritid!

Nøkkelopplysninger

  • Oppstillingsplass bobil
  • Oppstillingsplass campingvogn
  • Teltplasser
Reservasjon av hytte/leilighet/rom er mulig
Reservasjon av oppstillingsplass er mulig
Reservasjon av teltplass er mulig
Tilgang til strøm
  • Sesongplasser
Hunder er velkommen
  • Utslagskum for tømming bærbart toalettsystem
  • Tømming bobil
  • Mulighet for kjøp/bytte av norske propanflasker
  • Lekeplass
  • Badeplass
  • Turløyper
  • Egnet for fisking
  • Utleie av båter
  • Vi snakker norsk
  • Vi snakker engelsk
  • Vi aksepterer Bank Axept
  • Vi aksepterer Visa
  • Vi aksepterer Mastercard
  • Vi aksepterer American Express

Gi din stemme til denne campingplassen i kåringen "Folkets favoritt-campingplass"

Klikk på symbolet for å gi campingplassen din stemme i kåringen "Folkets favoritt-campingplass". Stemmene telles opp 1.mai 2020.