Kjørnes Camping

  • © Kjørnes Camping
    © Kjørnes Camping
Klassifisert til 4 stjerner av NHO Reiseliv

Bildegalleri

© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping
© Kjørnes Camping

Velkommen til Kjørnes Camping og Fjordhytter

Kjørnes Camping og Fjordhytter ligg vakkert til ved Sognefjorden, 3 km frå Sogndal sentrum ved riksveg 5, retning Kaupanger. Med sin lokalisering midt i Fjord Norge, er Kjørnes Camping og Fjordhytter eit svært sentralt utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar ved Sognefjorden.

I løpet av ein time kjem du til dei mest kjende attraksjonane som Nærøyfjorden, Flåmsbana, Urnes stavkyrkje, Sognefjellsvegen, Jostedalsbreen- Jotunheimen- og Breheimen- nasjonalparkar.

Fjordområda er kåra til verdas beste reisemål av National Geographic. Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står på Unesco si verdsarvliste.

Vi kan tilby 14 hytter, 2 leilegheiter, 100 plassar for bubilar, campingvogner og telt – alle med straumuttak. 5* servicebygg inneheld sanitærrom, vaskerom og kjøken. Plassen ligg på eit nes tett ved Sognefjorden, i rolege og vakre omgjevnader. Gode turmoglegheiter i nærområdet. Kveldssol.

Hyttene ligg vakkert til i idylliske omgjevnader, alle med flott utsyn over Sognefjorden. Standarden varierer frå dei minste **, til større og meir komfortable ****. Vi har og to leilegheiter for inntil 6 personar, med høg standard.

Kjørnes Camping og Fjordhytter ligg ved den gamle hovudvegen mellom aust og vest. Eit naturskjønt område, populært som rekreasjons- og turområde for lokale innbyggjarar og for gjestene våre.

Garden Kjørnes, gnr 1 bnr 1 i Sogndal, har husa opptil fleire embetsmenn gjennom 1700 og 1800 talet.  Mest kjend er nok det freda hovudhuset på garden, bygd i 1736. Dette var fødestaden til Hans Paludan Smith Schreuder, første misjonær i Zululand.

Aktiviteter

Campingplassen er eit svært godt utgangspunkt for både korte og lengre turar, til fots eller med bil. Fotturar i nærområdet er ei fin oppleving, men innertiaren vår er ”Molden” Kåra til ein av dei 10 flottaste turane i landet av norges største riksdekkande avis.

Brevandring: Guida turar på ulike brearmar av Jostedalsbreen, med ulik vanskegrad. Om du ikkje vel å gå på sjølve breen med guide, kan vi vise deg andre adkomstvegar til ulike brearmar. I det flate landskapet er dei oftast lett tilgjengelege.

Sykkel: I terrenget , langs vegar, gjerne kombinert med ein fottur.

Fiske: Gratis i fjorden, symbolsk avgift i vatn og elvar

Klatring: Utandørs tilrettelagt område 5 km frå campingplassen, innandørs i nordeuropas flottaste klatrevegg.

Båttur: Fjorden og vatna er tilgjengelege for alle, sjøsett eigen båt eller ta turen med ein kommersiell aktør.

Bading: Utandørs og innandørs, max temp i fjorden om sommaren rundt 22 grader. Innandørs leikeland : 300 kvm kombinert med innandørs symjebasseng.

Gardsbesøk : Dyrerik ranch i Sogndalsdalen. Stølsbesøk : Mjølk ei geit og kok osten der Margrete Munthes fant inspirasjon til ”Å jeg vet en seter”

Skianlegg: Langrenn/Alpint/Fjellturar/Laussnøkjøring. 2 anlegg i nærområdet. Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter, profilert gjennom ”Skisogn”

Hytter

Hytte 1 10 kvm.
Eitt rom. Utan innlagt vatn. Køyeseng m. soveplass til 2 personar. Dyner og puter. Sengetøy kan medbringast eller leigast Kjøkenbord, stolar, kjøleskap, kjøkenutstyr, kokeplater Gangavstand til toalett og felleskjøken 20 meter. 10 m frå fjorden.

Hytte 2 20 kvm.
To rom. Utan innlagt vatn. Soveplass til 5 personar Eitt soverom med ei familiekøye og ei køyeseng. Dyner og puter. Sengetøy kan medbringast eller leigast. Kombinert opphaldsrom og kjøken med kjøkenutstyr, kjøleskap og kokeplater. Gangavstand til toalett og felleskjøken 10-50 meter. 5* sanitærbygg på campingplassen. 10 m” møblert terrasse, panoramautsikt til fjorden.

Hytte 3 30 kvm.
Soveplass til 5 personar. To små soverom med 2 køyesenger. Dyner og puter. Sengetøy kan medbringast eller leigast Kombinert opphaldsrom og kjøken med kjøken-utstyr. TV. Bad med dusj og toalett. Møblert plen, panoramautsikt til fjorden.

Hytte 4 - nye Hytter, 50 kvm.
Høg standard. Soverom 1: Ei dobbeltseng/rammemadrass. Soverom 2: Familiekøye (120cm + 70cm) Dobbel sovesofa i opphaldsrommet. Hems. Dyner og puter. Sengetøy kan medbringast eller leigast. Kombinert opphaldsrom og fullt utstyrt kjøken. Oppvaskmaskin,TV. Bad m dusj og toalett. Golvvarme i alle rom. 10-20 meter frå sjøen. Møblert uteområde m flott fjordutsikt.

Leilegheiter

Leilegheit 35 kvm.
Beliggande 2 etg i resepsjonsbygget. Lyse og delikate. Eitt soverom med 2 rammemadrasser og ei køyeseng. Dobbel sovesofa i stova. Kombinert opphaldsrom og fullt utstyrt kjøken med oppvaskmaskin. TV. Dyner og puter. Sengetøy kan medbringast eller leigast. Bad m. dusj og toalett. Møblert terrasse i 1 etg.

Velkommen til oss!

Gi din stemme til denne campingplassen i kåringen "Folkets favoritt-campingplass"

Klikk på symbolet for å gi campingplassen din stemme i kåringen "Folkets favoritt-campingplass". Stemmene telles opp 1.mai 2017.

Kontakt

Telefon: 
+47 97 54 41 56
Adresse: 
Kjørnes
Sted: 
6856 Sogndal

Åpningstider

Åpningstider: 
Helårsåpent
Høysesong: 
20.06 - 25/8

Tilbud gjennom året

Utleie hytte/rorbu hele året
Utleie leiligheter/rom kun sommer
Utleie oppstillingsplass hele året
Utleie sesongplass kun sommer