Birkeland Camping

  • © Birkeland Camping
    © Birkeland Camping

Bildegalleri

© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping
© Birkeland Camping

Video

Velkommen til Birkeland Camping

Nyt roa og stillheita ved flotte Aksevatnet, medan du ligg i stolen og ser opp på majestetiske Lifjellet!

Likar du å gå turar? Fjelltrimgruppa i kommunen har merka 17 turar, fleire av dei kan du gå til frå Campingen, blant anna den mest besøkte fjellposten Rossvikheia som ligg 301 m.o.h. Tid frå campingen tur/retur 1 1/2 time, på toppen er det sett opp Geologtavle - her kan du lese om Hyllestad sin spennande geologi.

Likar du lengre fjellturer, er Lifjellet en populær fjelltur. Nokon av turistane som kjem til Campingen, kjem får å ta denne turen. Etter lang fjelltur, trøtt og sliten, kan vi anbefale middag på Sognefjord Hotell som ligg 5 km frå campingen.

Lyst å fiske? Vi har båt ved sjø som kan leigast, eller du kan bruke båt og kano som ligg på Campingen. Du kan være heldig å få flott kjø ( Aure )

Eg heiter Mona og driftar Campingen, medhjelparane minne heiter Kenneth og Geir.

Lyst til å bli med oss på tur? Klikk for å lese mer

Historie

Birkeland Camping vart starta i 1968 av Gunvor (Gulli) og Bjarne Hansen. Dei overtok plassen frå naboen som ikkje hadde lyst å drive lenger. Campingplassen vart eit fint tilskot til gardsdrifta i den tida det var minst mjølk. Først bygde dei sanitærbygg og to campinghytter. Dei første åra var det mest teltturistar frå Norge og dei andre nordiske landa. Etterkvart kom Kombicampen og folk kunne sove over bakkenivå. Det vart status med Kombicamp. Utover på åttitalet auka etterspurnaden etter campinghytter, og dei bygde ei hytte til. I dag kjem turistane frå heile Europa både med bubilar og på sykkel. Syklistane skal nordover, anten til Trondheim eller vidare til Nordkapp. Dei er nøgde berre dei får seg ein varm dusj og ei seng. Fiske i vatn og sjø har alltid vore populære aktivitetar. Turistane set stor pris på den fine naturen, roturar på vatnet, fjellturar og stilla. Dei som er interesserte i fjellklatring kan boltre seg i fjellveggen på Foss i Leirvik. Fleire kjem attende år etter år og har vorte gode vener av heile familien.

Hytter

Vi har fem campinghytter med enkel standard, 4 køyer, kjøleskåp og dusj og toalett i sanitærbygg vegg i vegg. Robåt og kano er inkludert i prisen. Om du er interessert kan du få leige båt i Hyllestadfjorden. Treng du sengeklede kan du få leige. Avstanden til næraste butikk er fem kilometer. Frå Bergen kan du ta ekspressbåt (2,5 timar) eller køyre (2,5 timar).

Velkommen til Birkeland Camping!

Gi din stemme til denne campingplassen i kåringen "Folkets favoritt-campingplass"

Klikk på symbolet for å gi campingplassen din stemme i kåringen "Folkets favoritt-campingplass". Stemmene telles opp 1.mai 2017.

Servicetilbud

Bobil
Campingvognplasser
Teltområde
Reservasjon av hytte/leilighet/rom er mulig
Hytter til utleie
Oppvask v/k vann
Kokemuligheter
Stekeovn
Mikrobølgeovn
Lekeplass
Bademuligheter, maks 5 km fra plassen
Egnet for sykling
Turløyper
Egnet for fisking
Utleie av båter/kanoer
Egnet for kano/kajak

Kontakt

Telefon: 
+47 97 96 81 31
Alternativt nummer: 
+47 48 17 11 22
Adresse: 
Birkeland
Sted: 
6953 Leirvik i Sogn

Åpningstider

Åpningstider: 
Sommeråpent
Periode: 
01.05-01.10

Tilbud gjennom året

Utleie hytte/rorbu kun sommer
Utleie leiligheter/rom kun sommer
Utleie oppstillingsplass kun sommer