Sjøbakken Camping

  • © Sjøbakken Camping
    © Sjøbakken Camping

Campingplassfakta

Utleie hytte/rorbu hele året
Utleie oppstillingsplass kun sommer
Åpen: 
Helårsåpent

Kart

Kart-koordinater: 62.376118, 6.575513

Kontakt

Telefon: 
+47 97 74 71 93
Sted: 
6230 Sykkylven

Områdekart

Velkommen til Sjøbakken Camping

Overnatt rolig og trygt på siste campingplass langs RV60 før eit besøk i f.eks. Ålesund neste dag. Flott utgangspunkt for turer i skog og mark.

Sjøbakken Camping er eit godt og rimeleg boalternativ sentralt plassert i hjartet av Sunnmøre. Du finn oss omlag 1,5 kilometer syd for Aure sentrum i Sykkylven kommune.

Vi har gode kommunikasjonar med mellom anna nattferge til Ålesund. Samtidig er ein dagstur til den kjende naturperla Geiranger absolutt innan rekkevidde.

Sjøbakken Camping er eit idéelt utgangspunkt for fotturar i eit sjeldant vakkert fjell-landskap. Bygda er omkransa av høge fjell som innbyr til mange spanande utfordringar og naturopplevingar.

For den som liker seg best i lavlandet, kan vi eksempelvis foreslå ein båttur på Sykkylvsfjorden. Mange har oppdaga at Sykkylven er ei bygd det er lett å bli glad i!

Er du interessert i sportsfiske, kan du til dømes finne rekreasjon i den fiskerike elva Straumen, som er den "kortaste lakseelva i verda." Aure-elva, i sentrum av bygda, er ei anna god lakseelv: I sesongen 2000 vart det fiska vel 2500 kg. Og det er godt med fiskekort til sals. Du kan også prøve fiskelukka i Sykkylvsfjorden. Vi leiger ut båt med motor.

I kort gangavstand (200 meter) ligg Hydrostasjonen der du kan få kjøpt eit utval nødvendige daglegvarer samt kioskvarer og aviser.

I Aure sentrum finn du m.a. post, bank og butikkar.

Vi også til tjeneste med postlevering og nedfrysing av kjøleelement.

Du er alltid velkommen til eit hyggeleg opphald på Sjøbakken Camping.

Hytter

Fire-stjerners familiehytter med to soverom som har plass for fire personar. Hyttene inneheld kjøkken med dekketøy, kokekar, dusj, toalett og TV. Hugs å ta med sengetrekk.

To-stjerners hytter med plass for tre eller fire personar. Hyttene er utrusta med kjøleskap og kokeplater

Camping

Vi god plass for telt, bobil og caravan, og uttak for straum.

Attrakasjonar

  • Sykkylven kyrkje - eit praktfullt byggverk som absolutt er ein tur verdt! Kyrkja er tilgjengeleg for besøk i sommarhalvåret.
  • Sykkylven naturhistoriske museum - viser oppbygd fuglefjell, vinterlandskap, våtmark og skogsmiljø for fugler og dyr. Muséet ligg i gangavstand ca. 200 meter frå campingplassen.
  • Aursnes fergestad - gravrøyser nær fergestaden.
  • Norsk Møbelfagleg Senter - eit nasjonalt dokumentasjons- og utstillingssenter.
  • Ikornnes Båtforening - Badeanlegg og restaurant - gåavstand fra campingplassen. Sjekk åpningstider ved å klikke på linken.

Sykkylven - venleg, vill og vakker!

"Det er ikkje noko enkelt, ikkje fjordane, ikkje fjella, ikkje breane, ikkje dalane, - men alt dette i skjønn foreining. Ingenting står fram på bekostning av noko anna."

Slik skildrar Kristoffer Randers bygda Sykkylven då han i slutten av 1800-talet ga ut boka om turar i den sunnmørske fjellheimen. Så kvifor ikkje: Kom å sjå sjølv!

Velkommen til oss!

Gi din stemme til denne campingplassen i kåringen "Folkets favoritt-campingplass"

Klikk på symbolet for å gi campingplassen din stemme i kåringen "Folkets favoritt-campingplass". Stemmene telles opp 1.mai 2019.

Bildegalleri

© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping
© Sjøbakken Camping

Servicetilbud

Bobil
Campingvognplasser
Teltområde
Reservasjon av hytte/leilighet/rom er mulig
Reservasjon av oppstillingsplass er mulig
Reservasjon av teltplass er mulig
Tilgang til strøm
Hunder er velkommen
Hytter til utleie
Vaskemaskin
Tørketrommel
Utslagskum for tømming bærbart toalettsystem (Porta Potti)
Mulighet for kjøp/bytte av norske propanflasker
Kiosk maks 1 km fra plassen
Ballbane
Lekeplass
Bademuligheter, maks 5 km fra plassen
Slalåm
Turløyper
Egnet for fisking
Utleie av båter/kanoer

Nyheter fra nærområdet