Bessheim Fjellstue og Hytter - campingportalen.no

  • © Bessheim Fjellstue og Hytter
  • © Bessheim Fjellstue og Hytter
  • © Bessheim Fjellstue og Hytter

Status Korona

Åpent

Vi har opna sanitæranlegget att. Vi leiger ut hytter og vi har eit cateringtilbod av fjelltapas fram fram til 4. oktober 2020. Oppstillingsplasser for bobil og vogner fra juni.

Campingplassfakta

Hytter: 
7
Leiligheter: 
20
Rom: 
27
Dropin bobil: 
8
Dropin campingvogn: 
8
Teltplasser: 
40
Sesongplasser: 
21

Sanitæranlegg

Antall WC: 
4
Antall servanter med varmt vann: 
6
Antall dusjer: 
4
Antall familierom: 
5

Åpningstider

Åpen: 
Sommeråpent
Periode: 
5. juni - 5. oktober
Høysesong: 
Juli og august
Fullserviceperiode: 
5. juni - 5. oktober
  • Drop-in bobil/campingvogn: Kun sommer
  • Teltplass tilgjengelig: Kun sommer
  • Utleie hytte: Kun sommer
  • Utleie leilighet: Kun sommer
  • Utleie rom: Kun sommer
  • Sesongplass: Kun sommer

Kart

Kart-koordinater: 61.514360, 8.853040

Kontakt

Telefon: 
+47 61 23 89 13
Adresse: 
Sjodalsvegen 2977
Sted: 
2683 Tessand
E-post: 

Bildegalleri

© Bessheim Fjellstue og Hytter
© Bessheim Fjellstue og Hytter
© Bessheim Fjellstue og Hytter
© Bessheim Fjellstue og Hytter
Rom © Bessheim Fjellstue og Hytter
Rom © Bessheim Fjellstue og Hytter
Rom © Bessheim Fjellstue og Hytter
Rom © Bessheim Fjellstue og Hytter
Rom © Bessheim Fjellstue og Hytter
Onkel Toms Hytte © Bessheim Fjellstue og Hytter
Onkel Toms Hytte © Bessheim Fjellstue og Hytter
Onkel Toms Hytte © Bessheim Fjellstue og Hytter
Onkel Toms Hytte © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 6 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 6 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 4 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Sandnesstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 17 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 17 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 17 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 7 og 8 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 7 og 8 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 7 og 8 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 7 og 8 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Kavalerstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Kavalerstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Kavalerstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Kavalerstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Kavalerstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Kavalerstugu © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 19, 20, 21 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 19, 20, 21 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 19, 20, 21 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 19, 20, 21 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 19, 20, 21 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 19, 20, 21 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Bensinbua © Bessheim Fjellstue og Hytter
Bensinbua © Bessheim Fjellstue og Hytter
Bensinbua © Bessheim Fjellstue og Hytter
Bensinbua © Bessheim Fjellstue og Hytter
Bensinbua © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 27-32 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 27-32 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 27-32 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Hytte 27-32 © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Leilighet © Bessheim Fjellstue og Hytter
Del denne siden:

Bessheim Fjellstue og Hytter

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå 6. februar til 17. mai 2020, og Gjendeguiden har guida turar til Besseggen kvar fredag frå 7. februar til 3. april!

Fottursesongen startar fredag 5. juni i 2020, for da startar Gjendebåten å frakte passasjerar for å gå Besseggen. Gjendebåten går kvar dag fram til 4. oktober 2020, og vi held ope like lenge.

Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya.

Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

Overnatting og camping

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og hytter. I tillegg har vi ein enkel campingplass. På Bessheim er det til saman 180 senger. Romma har fjellstovestandard med oppreidde senger, og dusj og toalett. Både standard og storleik varierer mykje på hyttene og leilegheitene.

Rom

På Bessheim har vi 64 senger fordelt på 27 rom inne på fjellstua. Det er oppreidde senger og handkle på alle romma. Det er dusj og toalett på alle saman, utanom på fem av dei. Dei romma som ikkje har bad har handvask på rommet, toalett i korridoren og dusj i kjellaren.

Hytter og leilegheiter

Hytte 3 + 5: Små campinghytter frå 60-talet. 4 senger, kjøkenbord, kjøleskap og kokeplate. Ca 12 kvadrat. Ikkje kjøkenutstyr og innlagt vatn. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamle, slitte hytter med låg standard. Prisen er kr. 480,- per natt. Desse leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 4: Lita campinghytte frå 60-talet. 2 senger, kjøleskap, kjøkenbord og kokeplate. Ca 12 kvadrat. Ikkje noko kjøkenutstyr eller innlagt vatn. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard. Prisen er kr. 480,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Onkel Toms Hytte, nummer 12: Lite tømmerhus frå 1800-talet med 4 senger (to køyesenger). Enkelt utstyrt kjøken m/ oppvaskbenk og kjøleskap. Innlagt vatn. Alt i same rommet. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard, men på sett og vis den trivelegaste hytta vi har. Ho er gamal og har sjel! Namnet kjem ikkje frå den kjende boka, men at det var ein kar, «onkel Tom», som hadde med seg tre nevøar hit kvar sommar i mange år. Men det er nok lenge sidan, for dette var noko bestemor Kari vart fortalt når ho var jentunge på 1920-talet.

Hytte 17: Lita plankehytte med tre senger, enkelt utstyrt kjøken med oppvaskbenk og kjøleskap. Innlagt vatn. Alt i same rommet. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard, men utsikta er fin da! Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 6: Nokså stor hytte frå OL på Lillehammer med 3 soverom med 2 senger på kvart rom. Lite bad med dusj/wc. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Stove og liten veranda.

Hytte 7 og 8: To leilegheiter i eit hus frå OL på Lillehammer. Eitt soverom med 2 senger, lite bad med dusj og wc og kjøken med kjøkenutstyr, kaffetraktar, kokeplater og kjøleskap.

Sandnesstugu, nummer 9: Gamal seterstugu frå 1800-talet med til saman 7 senger. Eitt soverom med tre senger (dobbeltseng med køye på toppen) og eitt soverom med fire senger (2 køyesenger). Stove med peis. Kjøkenkrok i stova. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Veranda.

Kavalerstugu, nummer 13: Gamalt hus frå 1800-talet med til saman 10 senger. To soverom med tre senger (familiekøyer), og eitt med fire senger (to køyesenger). Stove med peis. Kjøkenkrok i stova. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett.

Hytte 19, 20, 21: Desse tre leilegheiten ligg i Bekkestugu. Til saman 7 senger i kvar. 2+4 senger i 2 soverom i 2. etasje, samt 1 seng på stova. Dusj og wc, stove og kjøkenkrok i 1. etasje. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Må gå gjennom eine soverommet for å koma inn i det andre. TV.

Bensinbua, nr. 22. Leilegheit i 2. etasje på eit hus frå 2009. Til saman 4 senger. Eitt soverom med dobbeltseng. Stove med kjøkenkrok og vedomn. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Køyeseng i stova. TV. Bad med dusj og toalett. Veranda.

Bensinbua, nr. 23. Leilegheit i 2 etasje i eit hus frå 2009. Til saman 6 senger. To soverom med ei dobbeltseng i kvart soverom. Ei køyeseng i stova. Stor stove med kjøkenkrok. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Fjernsyn. Veranda.

Hytte 27-32: Renoverte, vertikaldelte hytter frå 70-talet. Det er to og to leilegheiter i kvart hus. Til saman 4 senger. 2+2 senger i 2 soverom i 2. etasje. Sovesofa, dusj og wc, stove og kjøkenkrok i 1. etasje. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar.

Leilegheit nummer 33,34,36: Til saman 3 senger i eitt soverom. Dette er ei familiekøye. Dusj og wc i eit nokså stort bad. Stove og kjøkenkrok. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Det er tre leilegheiter per hus her.

Leilegheit nummer 35, 37, 38: Eitt soverom med dobbeltseng, stove, kjøkenkrok og bad med dusj og wc. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Det er tre leilegheiter per hus her.

 

Camping

På Bessheim har vi ein enkel campingplass med straumuttak, dusj- og toalettanlegg. Toalettanlegget vart renovert i 2016. Våren 2019 fekk vi tilrettelagt for fleire teltplassar. Campingplassen ligg fint til nede ved Øvre Sjodalsvatn. Her kan du kaste ut fiskestanga frå opningen på teltet om du vil!

Mat

I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur. Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.

Nærmaste matvarebutikk om vinteren, når Valdresflyvegen er stengt, er i Randsverk. Dit er det 30 km.

Når vegen over Valdresflya er open finn du matvarebutikk på Beitostølen. Dit er det 35 km. I Heidal er det kiwi og coop, og det er 45 km dit.  Om sommaren er det open matvarebutikk på Besseggen Fjellpark, 3 km sør for Bessheim og i Krambua, 6 km nord for oss. Til Vågå sentrum er det 55 km. Rundt den vakre Vågåkyrkja finn du artige butikkar og kafear i eit triveleg bygdasentrum.

Tips til turar i Sjodalen og i Jotunheimen

Bessheim ligg i Sjodalen, i Jotunheimen. Øvst i Sjodalen er du på 970 meter over havet, og du er like ved tregrensa. Du har mykje å velje i når det gjeld turmål. Alt frå stutte turar til krevjande ruter til nokre av dei høgaste fjella i landet.

Det tek 10 minutt å kjøre opp på Valdresflya, som ligg på 1400 m.o.h. Går du frå Bessheim og opp til Bessvatnet, kjem du til grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Frå her ser du majestetiske Besshø på 2258 m.o.h. På andre sida av Øvre Sjodalsvatn ser du Sikkildalshø og Heimdalshø, som også er fine turmål.

På Bessheim kan du gå på tur sommar som vinter. Spør gjerne etter turtips!

Besseggen

Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu, og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Tenkjer du å gå Besseggen i sommar?

Gjendebåten og dei andre turistbedriftene her i Sjodalen har saman ei heimeside med informasjon om turen over Besseggen. NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!

For å finne båttidene går du inn på www.gjende.no. På www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet.

Velkommen til Bessheim Fjellstue og Hytter!

Nøkkelopplysninger

  • Hytte for leie
  • Leilighet for leie
  • Rom for leie
  • Oppstillingsplass bobil
  • Oppstillingsplass campingvogn
  • Teltplasser
  • Sesongplasser
  • Strøm tilgjengelig for campingvogn/bobil/telt
  • Reservasjon av hytte/leilighet er mulig
  • Gratis WIFI
  • Kiosk
  • Kafe
  • Matservering
  • Oppholdsrom med TV
  • Vaskemaskin mot betaling
  • Oppvaskkum med varmt vann
  • Kokemuligheter
  • Stekeovn
  • Mulighet for kjøp/bytte av norske propanflasker
  • Badeplass
  • Utleie av båter
  • Utleie av kanoer
  • Egnet for fisking
  • Egnet for padling
  • Turløyper
  • Skiløyper
  • Sykkelmuligheter
  • Vi snakker norsk
  • Vi snakker engelsk
  • Vi aksepterer Bank Axept
  • Vi aksepterer Visa
  • Vi aksepterer Mastercard

Gi din stemme til denne campingplassen i kåringen "Folkets favoritt-campingplass"

Klikk på symbolet for å gi campingplassen din stemme i kåringen "Folkets favoritt-campingplass". Stemmene telles opp 1.mai 2021.
  • Legg ferien til Norge!
    Campingplassene finner du her:
  • Legg ferien til Norge!
    Campingplassene finner du her: